Ekspert seier vi skal slutte å mate fuglane etter påsken

Å mate fuglane bør vere ein vinteraktivitet og ikkje tas med inn i vårvarmen, meiner fugleeksperten.

Fugleekspert Tore Slagsvold fortel til NRK at når våren kjem er det lurt å ikkje mate fuglane. Blir fuglane narra til å tru at det er mykje mat kan dei skynde seg med å begynne å hekke.

– Då kan dei legge egg mykje tidlegare enn dei bør, slik at når ungane klekk er det snø, dårleg vêr og ikkje noko særleg larveutvikling.

Forskjell på nord og sør

Eksperten seier at om vi bur i sørlege delen av Noreg må ein slutte å mate fuglane der våren har kome.

I nord kan ein derimot halde på i nokre veker til.

Eksperten har ein tommelfingerregel: Våren blir forseinka med to til tre dagar per breiddegrad.

Medan Oslo ligg på 60 breiddegradar, ligg til dømes Bodø på 67. Altså kan ein mate tre veker seinare her.

– Der kan ein godt mate ut april. Og i Finnmark litt uti mai, fortel han