Vi skrur klokka fram: Farvel vinter, god dag sommartid!

Klokka 02 natt til sundag 29. mars stiller vi klokka ein time fram. Sommartida startar, og vi får lysare kveldar. Det kan vere siste gongen vi stiller klokka til sommartid.

Pixabay

Morgonen etter vi har stilt klokka til sommartid får vi ein time mindre søvn. Noko mange ergrar seg over, før det til slutt blir ein vane. Vi menneske er trass alt vanedyr.

Men det kan vere siste gong vi stiller klokka til sommartid. EU har nemleg bestemt at frå 2021 skal EU-landa avskaffe sommar- og vintertid. 

Om EU-landa landar på sommartid eller vintertid, er opp til kvar enkelt land å bestemme. Men dei må bestemme seg innan april i år. 

Noreg er ikkje medlem av EU, men tidlegare næringsminister, Torbjørn Røe Isaksen, har uttalt at Noreg mest truleg kjem til å gjere som nabolanda bestemmer seg for.

Noreg har stilt klokka fram og tilbake sidan 1980

Skal klokka fram eller tilbake? Ein grei hugseregel er at klokka alltid skal stillast mot næraste sommar. Altså ein time fram om våren, og ein time tilbake om hausten. 

For å hugse dette kan du sjå føre deg hagemøblane. Dei blir satt fram når det er sommar, og blir sett vekk når hausten kjem.

Sommartid blei innført i fleire land i Europa i 1916. På den måten fekk vi lys ein time lenger på kveldane om sommaren. I Noreg har vi hatt sommartid kvart år sidan 1980.

I år vil sommartida vare frå 29. mars til 25. oktober, for då startar vintertida, og vi skrur klokka ein time tilbake.

I ei undersøking gjort i 2018, av YouGov, svarte 42 prosent av nordmenn at dei gjerne ville bli kvitt sommartida. 

Russarane har lenge irritert seg over sommartida. Dei avskaffa sommartid-ordninga i 2011. Grunnen var at det forstyrra døgnrytma og rutinane i samfunnet.

Pixabay

Folk blir sjuke av klokka

Om våren, når vi misser ein time søvn, aukar talet på innleggingar med hjarteinfarkt med 24 prosent på verdsbasis dagen etter. Om hausten, når vi får ein time meir søvn, er det dokumentert 21 prosent reduksjon i hjerteinfarkt, skriv Aftenposten. Den same tendensen ser ein også også ved bilulykker, skriv nettmagasinet Harvest.