Finland kåra til det lykkelegaste landet i verda

For tredje år på rad er Finland det lykkelegaste landet i verda, ifølgje FNs World Happiness Report. Noreg har falle frå tredje til femteplass.

Alle dei nordiske landa får plass i topp sju. Danmark kjem på andre plass føre Sveits, medan Island er på fjerde. Sverige er på sjuande plass, skriv Framtida.

Dei tjue lykkelegaste landa er framleis dei same i år som i fjor, men det er endringar i plasseringa innanfor topp 20.

Ifølgje rapporten er Afghanistan det minst lykkelege landet i verda. Totalt er 153 land med i rapporten.

FNs rapport er basert på eit gjennomsnitt av spørjeundersøkingar gjennomført mellom 2017 og 2019.