MGPjr-finalen blir utsatt

MGPjr-finalen er utsett til hausten på grunn av koronavirussituasjonen. Det blir jobba ifølgje NRK med å finna ein ny dato

Finalen i MGPjr skulle etter planen arrangerast i Oslo Spektrum 23. mai, men er no utsatt, skriv NRK.

–Vi veit at mange tusen barn og vaksne gledde seg til å vere til stades under MGPjr og at finalistane gledde seg minst like mykje. Vi er veldig lei for at MGPjr 2020 ikkje kan sendast som planlagt, men det er viktig å følgje dei tilrådingane og reglane som gjeld for å verne oss mot smitta, seier prosjektleiar for MGPjr, Eva Rutgerson Bie til NRK.

Har ein billett til finalen kan ein velje om ein vil ha pengane refundert, eller få billettane overført til ein ny dato til hausten. Ved refusjon blir ein beden om å kontakte Ticketmaster. Ønsker ein å behalde billettane treng ein ikkje å gjere noko.