Koronaviruset fører til stor nedgang i kinesiske klimautslepp

Nedstenginga av fabrikkar og kolkraftverk skal ha ført til ein nedgang i klimautsleppa på 25 prosent, ifølgje ferske tal.

Ein ny analyse frå CarbonBrief viser at dei omfattande tiltaka for å hindra spreiing av koronaviruset også har ført til lågare CO2-utslepp, skriv Framtida.

Over ein fjerdedel av CO2-utsleppa i verda kjem frå Kina. Ifølgje CarbonBrief har utsleppa frå Kina dei siste to vekene vore kring 25 prosent lågare enn same periode i fjor. Det er ein nedgang i utsleppa på 100 millionar tonn CO2. Til samanlikning var Noreg sine samla utslepp 52 millionar tonn COi 2018.

Utsleppa frå kolkraftverka i Kina er no på det lågaste nivået på fire år. Talet på innanlandsreiser med fly har gått ned med 70 prosent, ifølgje CarbonBrief.