– I min klasse har dei fleste Snapchat

Halvparten av norske niåringar er på sosiale medium. Elisabeth Wiland (10) fortel at nesten alle i klassen på Leirvik skule har Instagram, Snapchat eller TikTok.

Slik er bruken av sosiale medium:
  • 90 prosent av 9-18-åringane er på sosiale medium.
  • Frå barna er 13 år er tilnærma alle på sosiale medium.
  • 80 prosent av 9-18-åringane brukar Snapchat.
  • 65 prosent av 9-18-åringane brukar TikTok og Instagram.
  • 51 prosent av 9-18-åringane brukar Facebook.
  • 78 prosent «likar» noko i sosiale medium minst ein gong kvar veke.
  • 58 prosent deler eller sender ein video på TikTok, Snapchat eller Instagram minst ein gong kvar veke.
  • 49 prosent deler eit bilete eller ein video der dei viser ansiktet minst ein gong kvar veke.
  • 49 prosent kommenterer på noko i sosiale medium minst ein gong kvar veke.
  • 48 prosent lagar sin eigen video på Snapchat, TikTok eller Instagram minst ein gong kvar veke.
  • 13 prosent deler eit bilete eller ein video ope i sosiale medium minst ein gong kvar veke.

Kjelde: Medietilsynet

LES FAKTALUKK FAKTA

51 prosent av niåringane i Noreg bruker sosiale medium, viser Medietilsynet si nye undersøking Barn og Medier 2020. Blant barn og unge mellom 9 og 18 år er ni av ti på sosiale medium. Snapchat er mest populært, etterfulgt av TikTok og Instagram.

– Eg likar TikTok, men eg har ikkje andre sosiale medium, fortel Elisabeth Wiland. Ho har hatt TikTok sidan ho var ni år. 

– Eg lasta ned appen fordi bestevenninna mi hadde det i fjor sommar. Det er kjekt å danse og vera kreativ. Ein del av mine vener bur andre plassar, så då er det også ein fin måte å halde kontakten på, fortel ho. 

Ikkje overraska

Ho synest ikkje det er så overraskande at halvparten av norske niåringar har sosiale medium. 

– I min klasse er det tre elevar som har TikTok. Dei fleste har Snapchat, og nokre få har Instagram. Det starta i grunn med at ei i klassen fekk Musical.ly i barnehagen. TikTok kjøpte Musical.ly for nokre år sidan, fortel Elisabeth. 

Ho starta med å ha privat brukar, men no har ho ein regel om at ho skal velge å ha privat brukar på videoar der andre kan sjå ansiktet hennar.

– På videoar der ingen ser kven eg er, kan eg leggje ut slik at alle kan sjå, fortel ho.

Trygg på nett

Direktøren i Medietilsynet er oppteken av at foreldre og barn snakkar saman om korleis ein kan vera trygg når ein bruker sosiale medium.

– Når barn er på sosiale medier frå så ung alder, er dei heilt avhengig av både rettleiing og at foreldra set grenser, seier Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

– Tala viser at sosiale medium betyr mykje for dei unge, og at desse tenestene i stor grad blir brukt til å pleie venskap, seier Velsand.

Det barn og unge gjer mest er å «like» noko. Å dele eller sende ein video og lage eigne videoar er nest mest populært.

– Sjølv om det er mange positive sider med digital aktivitet, er det også store utfordringar. Det gjeld digital mobbing, kjøpepress, kroppspress og skadeleg innhald.