Ingen land gjer nok for å beskytta barn frå klimakrisa

Barn frå Noreg, Nederland og Sør-Korea går den lysaste framtida i møte, ifølgje ein ny rapport frå WHO, UNICEF og The Lancet.

Ingen land i verda gjer nok for å beskytte borna sine for klimakrisa og samanbrot av økosystem, ifølgje ein rapport som vart publisert i The Lancet onsdag.

I studien, som er gjennomført av Lancet, Verdas helseorganisasjon (WHO) og UNICEF har over 40 forskarar teke føre seg data frå 180 land.

Noreg på topp tre

Forskarane meiner barna si helse og velvære er truga av eksistensielle miljøtrugsar i alle dei aktuelle landa.

Ikkje overraskande fann forskarane ut at barn frå land med høgt karbonavtrykk hadde ei sunnare framtid, enn dei frå lågutsleppsland.

Barn frå Noreg, Sør-Korea og Nederland hadde aller best sjanse til å få god helse, utdanning og næring. Ifølgje tal frå Verdsbanken har både Noreg og dei to andre landa utslepp på om lag 10 tonn COper innbyggjar.

I andre enden av skalaen ligg Somalia, Tsjad og den sentralafrikanske republikken, som har mellom 0,05 og 0,07 tonn CO2-utslepp per innbyggjar.