Fotballforbund i Storbritannia forbyr barn å heade ballen

Fleire fotballforbund i Storbritannia forbyr barn under 12 år å heade ballar på trening for å minimere risikoen for hovudskadar seinare i livet.

At unge spelarar ikkje får lov til å nikke ballen på trening, kjem fram av nye retningslinjer frå fotballforbunda i England, Nord-Irland og Skottland. Det skriv fleire engelske medium måndag, mellom anna Sky Sports.

Dei tre forbunda sende måndag ut ei felles fråsegn. Der refererer dei til Field-studien som viser at tidlegare fotballspelarar har tre og ein halv gong så høgt sannsyn for å døy av hjerneskadar som folket elles, skriv Framtida.no.

– Forskinga vår viser at headingar sjeldan skjer blant yngre spelarar, så forbodet er ein ansvarleg måte å utvikle trening på grasrotnivå, utan å ta gleda i spelet frå barna, seier FA-topp Mark Bullingham.

I fråsegna heiter det òg at barn under 12 år ikkje skal heade ballen på trening, for så å få ei gradvis tilnærming fram til 16-årsalderen.

I kampsituasjonar vil det ikkje vere noka endring, sidan det er eit ekstremt få headingar i barne-/ungdomskampar.

Ikkje forbod i Noreg

Fagansvarleg for barn og ungdom i NFF (Norsk Fotball Forbund), Bo Folke Gustavson, ser ingen grunn til å innføre heade-forbod i barnefotballen med det første, skriv Dagbladet.

Det var NPK/NTB som fyrst omtala saka.