Det er sunt å la tankane flyge

Hjernen treng å kvile av og til. - Difor er dagdrøyming bra for oss, seier professor Halvor Eifring.

Når du konsentrerer deg jobbar hjernen din hardt. Men hjernen din er ikkje laga for å konsentrere seg heile tida. Den vil også slappe av, skriv Ung.Forskning.no. Konsentrasjon er det å kunne samle sansar og tankar om ei oppgåve ein skal utføre.

Når hjernen treng avslapping skiftar han gir. Plutseleg får du heilt andre tankar i hovudet, for eksempel om ein film du har sett. Når du dagdrøymer, flyt tankane meir fritt enn elles. Då bestemmer du ikkje så mykje over tankane. Dei berre kjem. Då byrjer hjernen å kvile.

Nokon kallar dette “dagdrøyming”. Og det er faktisk veldig sunt, meiner professor Halvor Eifring på Universitetet i Oslo.

Vi treng pausar

Mange meiner at folk som klarer å konsentrere seg lenge utan pause er flinke. Og det er nok mange som tenkjer at dagdrøyming er sløsing med tid, trur professoren.

Men det er ikkje så bra å jobbe heilt utan pausar heller. Viss du skal jobbe med noko kreativt, kan dagdrøyming vera ekstra lurt.

I selskapet Google får dei ansatte beskjed om å ta pausar, ifølgje Eifring.

– Der har dei laga fargerike pauserom med rare møblar for at folk skal bli påverka til å tenkje meir kreativt.