Oppskrift: Samisk «bidos»

Dette er oppskrifta på den samiske tradisjonsretten «bidos». Det kan vera fint å få hjelp av ein vaksen til å lage denne retten.

Porsjonar: 5

Tid: 40–60 min

Ingrediensar:

  • 1 kg reinsdyrsteik
  • 1 liter vatn
  • ½ stk lauk
  • 4 stk potet
  • 1 bunt vårlauk
  • 2 stk gulrot
  • ½ ts salt
  • ¼ ts pepar

 

Slik gjer du:

  1. Skjær kjøtet i store terningar. 
  2. Kok opp vatn og ha i kjøtet. 
  3. Kok opp på nytt og skum godt av. 
  4. Ha i lauk og la Bidosen trekke på svak varme cirka ein halvtime. 
  5. Ha i poteter som du har delt i 4 bitar og gulrøter som du har delt i ringar eller terningar.
  6. La gryta trekke i cirka 20 minutt til kjøt og grønsaker er møre. Smak til med salt og pepar. Dryss over finsnitta vårlauk eller graslauk før servering.
  7. Vanleg tilbehør er brød eller flatbrød.

 

(Kjelde: Matprat.no)