Er det kjeft eller ros som motiverar elevane mest?

Forskarar har prøvd å finne ut korleis læraren bør oppføre seg for å få elevane til å gjere ein god innsats i timane.

Nyleg gjorde forskaren Paul Caldarella og hans kollegaer ei grundig undersøking, skriv Ung.Forskning.no. Dei såg på resultata frå forsking som var gjort i 150 klassar ved 19 amerikanske barneskular.

Ros er best

I dei ulike rapportene som skildra resultata frå kvar klasse, hadde forskarane skive ned kor mange gongar lærarane hadde gitt ros til elevane, og kor mange gongar dei hadde kjefta. Forskarane såg også på kor godt elevane hadde jobba med oppgåvene sine.

Resultata viste at kjefting kanskje ikkje er så smart. Elevane gjorde det nemleg best når læraren roste mykje og kjefta lite. Dess meir ros ungane hadde fått, dess betre jobba dei med oppgåvene sine.

Litt kjeft er bra

Det finst også andre undersøkingar som viser at mykje kjefting og truslar ikkje får elevane til å oppføre seg betre. Og at mykje ros gjer at elevane trivst og får betre resultat på prøvane.

Men målet er ikkje at elevane skal få null kjeft. Det finst nemleg også studier som har vist at elevar var dårlegare til å konsentrere seg viss dei aldri fekk kjeft av læraren.

Motiverer ros eller kjeft deg mest?

Motiverer ros eller kjeft deg mest?

Ros191
Kjeft272
Svar totalt: 463