Fleire har fått elektrisitet – men utviklinga har ei mørk side

Det er framleis 860 millionar menneske som ikkje har elektrisk lys og varme, men det er stadig færre.

I fjor på same tid var det nemleg 1000 millionar menneske som ikkje hadde elektrisitet. Endringa skuldast spesielt stor framgong i India, skriv Verdensbestenyheter.no.

Men denne framgangen har også ei mørk side, ifølgje ekspertar Aftenposten har snakka med. Elektrisiteten i India blir nemleg fyrst og fremst produsert med kol. Det er ikkje bra for klimaet.

Sol og vind

Mange meiner difor at den indiske regjeringa må satse endå meir på sol- og vindenergi, men statsminister Narendra Modi har andre planar. Den indiske regjeringa jobbar nemleg for å gjere det lettare å byggje kolkraftverk, utvikle nye kolgruver og transportere kol til marknaden. Det gjer dei for at fleire skal få elektrisitet så fort som mogleg.

Klimaekspertane meiner at statsministeren bør satse meir på berekraftig energi.