Kva er samvit? Og kvifor treng vi det? 

Samvit er noko vi kjenner inni oss som ei kjensle eller tanke. Denne kjensla eller tanken hjelp oss med å skilje i kva som er rett og kva som er gale.

Når vi snakkar om samvit, tenkje ein ofte på den vonde kjensla ein kan ha etter ein har gjort noko ein angrar på. Men samvit er eigentleg ein fin ting! Den kan nemleg vera til god hjelp. Den hjelper oss å ta gode val og den lærer oss korleis vi kan gjere ting annleis neste gong, skriv Ung.no.

Vi har alle ulik evne til å kjenne dårleg samvit, men det er fint å sjå på denne evnen som ein god eigenskap.

Skuld og samvit

Å kjenne på skuld og dårleg samvit heng saman, og desse kjenslene gjer ofte vondt. Skuld og dårleg samvit kan også føre til mange tankar og grubling som tek mykje energi. Når vi brukar mykje tid og krefter på negative tankar, kan det føre til ein negativ spiral. Det betyr at ein grublar meir og meir, og at ein kjenner meir og meir på negative kjensler.

Still deg sjølv spørsmål

Om du kjem inn i ein slik tankespiral kjem du ikkje nærmare ei løysing eller eit svar. Då kan det hjelpe å stille seg sjølv nokre nye spørsmål: Kvifor kjenner du skuld? Tenkjer andre det same som deg? Hjelper det å gruble over dette no? Er det noko eg kan gjere med dette no?

(Kjelde: Psykologspesialisten hos Ung.no)