Coronaviruset i Kina

Førre veke var det mange som snakka om eit virus som spreier seg i Kina. 80 menneske er no bekrefta døde av viruset som smittar mellom menneske.

Kinesiske helsemyndigheiter opplyser i dag at tala på antal smitta er 2744 personar, skriv Aftenposten.

Det er innført ei rekke tiltak for å hindre at viruset spreier seg. I helga var det nyttårsfeiring etter den kinesiske kalenderen. No har Kina forlengt ferien med tre dagar for å hindre spreiing av viruset.

Smittekjelda er ikkje kjent, men ein teori går ut på at viruset kan han vorte spreidd frå ville dyr som skal ha vorte solgt på ein marknad i ein provinshovudstad som heiter Wuhan.

Det er så langt ikkje noko vaksine mot viruset.

I tillegg til Kina har viruset også råka personar i Tyskland, Finland, Frankrike, Japan, Thailand, Sør-Korea, Australia og USA.

WHO, Verdens helseorganisasjon, har no gått ut og sagt at den globale faren frå coranaviruset er høg.