Gamle telefonkioskar blir til bokdelingskioskar | Framtidajunior.no

Gamle telefonkioskar blir til bokdelingskioskar

Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les

Den første Lesekiosken er allereie i bruk på Solli plass i Oslo. Nummer to og tre vart opna i Tønsberg 10. januar. Den neste som opnar kan du finne på Sola frå og med 13. februar.

Etter det poppar det opp lesekioskar rundt omkring i heile landet.

Det var kulturminister Trine Skei Grande (V) som opna den aller fyrste kiosken i Oslo.

– Eg håpar at lesekioskane blir besøkt av både gamle og nye bibliotekbrukarar. Kanskje vil folk som ikkje har for vane å besøke bibliotek gjenoppdage boka ved å stikke innom ein liten finurleg raud kiosk. Tusen takk til Foreningen !les som har vore primusmotor for dette prosjektet sammen med Sparebankstiftelsen og Telenor, sa kulturministeren i sin opningstale.

Nasjonalt tilbod

Lesekioskane blir eit tilbud i heile Noreg med nytt innhald og aktivitet. Dei skal knytast opp mot lokale folkebibliotek.

– Lesekioskane skal gjere det enkelt å ta med seg og setje frå seg bøker, seier Vibeke Røgler i Foreningen !les.

Oversikta over alle dei 100 verna telefonkioskane som er med i avtalen finn du her. Det er Sparebankstiftelsen DNB og Foreningen !les som står bak prosjektet.

Kva meiner du?

42 svar

Vinner Noreg Eurovision Song Contest i kveld?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir