1000 barn flytta 7000 bøker i Oslo

I dag hjalp 1000 barn til med å flytte 7000 bøker frå biblioteket Deichman Hammersborg til det splitter nye hovudbiblioteket i Bjørvika.

– Dette er ei historisk storhending. Det er 86 år sidan sist Oslo fekk eit nytt hovudbibliotek. Det nye bygget har ei forventa levetid på 200 år. Samstundes er det barn og ungdom som vil vera dei viktigaste brukarane av biblioteket, seier etatsdirektør Knut Skansen i Deichman til Aftenposten.no

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

1000 barn frå 2. til 5. trinn ved Bolteløkka skule, Ila skule, St. Sunniva og Møllergata fekk utdelt kvar sin sekk med sju bøker. Så gjekk elevane i samla flokk ned til Bjørvika. Det blei dei møtt av kronprinsesse Mette-Marit.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Desse 1000 barna blir dei fyrste som får ta ein kik på det nye biblioteket allereie no, seier Knut.

Det nye biblioteket opnar 28. mars.