Denne papegøyen hjelper berre for å vera snill

SJÅ VIDEO: Folk hjelp kvarandre, utan at dei ventar noko tilbake. Det gjer også enkelte papegøyar, viser ny forskning.

Oftast vil ikkje dyr bruke krefter på å hjelpe ukjente dyr. Dei bryr seg om familien sin, men ikkje andre. Forskarar gjorde eit eksperiment for å finne ut om dyr kan hjelpe til utan å få noko for det, skriv Ung.Forskning.no.

Byteleik

Forskarane gjorde ein test med to typar papegøyar: Afrikanske jako-papegøyar og blåhode-araer frå Sør-Amerika.

To fuglar av same art blei sett i eit bur. Dei var skilt frå kvarandre med ein vegg med hol i.

Forskarane laga ein slags “butikk” for fuglane. Den eine fuglen kunne få frø av forskarane ved å stikke hovudet ut av eit hol. Den måtte betale med ein rund mynt med hol i. Men det var eit problem. Papegøyen som hadde hol i veggen, hadde ikkje mynter på si side av buret.

Papegøyen ved sidan hadde fått alle myntane, men den hadde ikkje hol i veggen og kunne ikkje stikke hovudet ut og byte dei mot frø sjølv.

Kva gjorde fuglane då?

Hjalp både vener og ukjente

Papegøyane av rasen blåhode-araer gjorde ikkje så mykje. Dei som hadde fått myntane, valte å ha dei sjølv. Dei tenkte ikkje på at dei kunne hjelpe sidemannen. Eller kanskje dei ikkje hadde lyst til det.

Jako-papegøyane reagerte annleis.

Fuglen som hadde fått myntane, stakk dei inn til naboen.

Då kunne den heldige sidemannen levere myntane til forskaren, i byte mot frø.

Fuglen med myntane skjønte altså at papegøyen ved sidan trengte myntar. Den valte å gje vekk sine eigne myntar, slik at den andre papegøyen skulle få godbitar. Den som ga bort myntene, fekk ingen frø.

Papegøyene hjalp ikkje berre venene sine, men også papegøyar dei ikkje kjente frå før.