Regjeringa foreslår eksamen i gym for ungdomsskuleelevar

Eksamen i kroppsøving, mat og helse, kunst og handverk og musikk kan bli innført for elevar på ungdomsskulen.

Saka er henta frå Framtida.no

– Eksamen i praktiske og estetiske fag kan bidra til å heve statusen til desse faga. Moglegheita for å komme opp til eksamen i desse faga har vore etterlyst frå fleire hald. Samtidig får elevane moglegheit til å vise kva dei kan i fleire fag enn det eksamensordninga i dag gir rom for, seier Sanner til Aftenposten.

Kan komme i 2022

Dei nye eksamensordningane skal gjelde frå hausten 2020, og første eksamen med nye eksamensordningar blir derfor i 2022.