Flaum i Indonesia

Desse foreldra fraktar sonen sin i ei bøtte gjennom eit nabolag i utkanten av Jakarta i Indonesia. Det har vore kraftig flaum i Indonesia sin hovudstad den siste tida.

Fakta om flaum:
  • Flaum er ei naturleg, men ofte uventa hending som skjer når vatn skòlar over landområde.
  • Det kan koma flaum når mykje vatn samlar seg ein stad, til dømes på grunn av store nedbørsmengder, vind som bles i ein viss retning, stor snøsmelting, orkanar, springflod, eller når fleire av desse verkar saman.
  • Flaum skjer gjerne ved at elvar går over breddane sine, men havet kan gjera det same, og mykje nedbør utan avløp kan òg føra til flaum.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

Over 30.000 menneske har måtte forlate heimane sine grunna flaum i minst 169 bydelar i Indonesia.

Det vart flaum grunna elvar som gjekk over breiddene sine i tillegg til monsunregn. Monsun er ein type vind som skiftar retning med årstida. Asia blir ramma av den sterkaste monsunen, og her gjer den fuktige lufta til at det blir regntid i fleire månedar.

Regnet som starta nyttårsaftan, var det verste på to tiår. Dei siste dagane har vatnet begynt å trekkja seg attende, men det er framleis flaum og store øydeleggingar.