– No er det tid for å samle tomatfrø

Framtida Junior har spurt bybonden i Bergen om kva ein kan gjere på denne tida av året for å førebu seg til tomatplanting i vår. 

Fakta om tomat:
  • Tomata kjem opprinneleg frå Sør-Amerika. Derifrå vart den importert til Mexico, og på 1500-talet kom den til Europa saman med mange andre planter som mais, potet og tobakk.
  • Tomat er eit bær som i dag er spreidd over heile verda. Sjølv om tomat ofte blir oppfatta som ein grønsak, er det altså ikkje det. Botanisk sett er tomat ei frukt med eit stort og saftig bær.

(Kjelde: Wikipedia)

 

LES FAKTALUKK FAKTA

No er det tid for å plukke ut frø frå tomater, seier Ida Kleppe. 

Ho er bybonde i Bergen, og fortel at haust og vinter er ei god tid for å samle frø til våren. 

– Det er viktig at frøa blir oppbevart tørt, så det kan vera lurt å leggje dei i eit kaffifilter, ein konvolutt eller ein papirpose. Det tek bort fukt.

Frå 1. februar kan du plante frøa i potter i karmen på vindauga.

– Det er viktig at desse får stå inne i ein lun og fin karm, seier Ida.

 

Slik gjer du viss du skal samle frø frå ei tomat:

  • Ta ei godt moden tomat. Gjerne overmoden. Då er frøa ferdig utvikla. Vel helst små tomater, slik at dei ikkje blir så store at stilken brekk.
Foto: Janne Nerheim
  • Del tomata i to.
Foto: Janne Nerheim
  • Pirk ut frøa med ei skei. 
Foto: Janne Nerheim
  • Få med litt av safta.
Foto: Janne Nerheim
  • Legg alt i ein boks med lokk.
Foto: Janne Nerheim
  • Hell på litt vatn. 
Foto: Janne Nerheim
  • La det stå i romtemperatur i 3-4 dagar til det byrjar å gjæra. Då blir du kvitt eit stoff som finst i geleen som er rundt tomatene.
Foto: Janne Nerheim
  • Når frøa er ferdig gjæra, kan du riste på boksen og så opne den og helle litt meir vatn i. 
Foto: Janne Nerheim
  • La frøa synke til botnen av boksen, og ta vekk dei frøa som flyt. Dei er ikkje noko å samle på. 
Foto: Janne Nerheim
  • Hell over i ein tesil og skyll av.
Foto: Janne Nerheim
  • Tørk frøa på eit matpapir i ein dag eller to.
Foto: Janne Nerheim
  • Legg frøa til oppbevaring i til dømes eit kaffifilter på ein mørk, tørr stad.

Kjelde: Spirea