Sjeldan kvit jul

Viss du ønskjer snø til jul må du opp i høgda eller nord i landet for å finne den. Vêret i jula er ikkje slik det har vore tidlegare. Klimaendringer er grunnen, meiner Meteorologisk institutt.

Meteorologisk institutt har rekna på det, og kome fram til at kvit jul er sjeldnare i fleire delar av landet. Dei har samanlikna dei siste 30 åra med perioden frå år 1961 til 1990, skriv NRK.

– Det er dei områda mange bur, frå Oslofjorden til Kristiansand og 30 til 50 kilometer innover, at endringane er størst, seier klimaforskar Ketil Isaksen til NRK.