Kunst-banan solgt for 1,1 millionar – men plutseleg blei den spist

På veggen til galleriet Art Basel i Miami hang ei gul banan med sølvgrå tape over seg.

Det var ei heilt vanleg banan, men den hadde ein heilt uvanleg pris. Heile 1,1 millionar kroner var det nokon som betalte for kunstverket som har fått namnet «Komikeren».

Blei spist

Ein dag førre veke skjedde det plutseleg noko uventa. Ein kunstnar frå New York, David Datuna, spiste den! Han tok banana ned frå veggen, skrelte den, og spiste den.

Leiaren for galleriet seier at kunstverket likevel ikkje er øydelagt. Det er nemleg slik at banana kan erstattast med ei ny banan viss den råtnar. Difor er banana no erstatta med ei ny banan.