Stjerneduo leiar MGPjr 2020

Selma Ibrahim og Victor Sotberg skal leie publikum gjennom MGPjr 2020. Showet blir sendt frå Oslo Spektrum laurdag 23. mai.

Selma Ibrahim, programleiar i Supernytt, har alltid vore fan av MGPjr. Ho skreiv nokre songar då ho var i rett alder, men vågde aldri å sende dei inn til NRK.

No skal ho stå på scena og leie publikum gjennom TV-sendinga 23. mai.

– Eg er allereie veldig nervøs, for eg har jo ikkje gjort dette før, seier ho i ei pressemelding frå NRK.

Men ho har stått på ei stor scene før, og det likte ho veldig godt.

– Eg fekk ei utruleg god kjensle, og det var sååå gøy! Eg ville ikkje legge meg den kvelden. Om eg får den same kjensla denne gongen, er det heilt supert, seier ho.

Heidundrande show

Victor Sotberg, youtuber og programleiar i NRK FlippKlipp, har heller aldri leia eit så stort show på MGPjr tidlegare.

– Det kjem til å bli eit heilt ekstremt morosamt, heidundrande show! Det er ei ære å få vera med, seier han.