Bokmelding: Ein tur i skogen vil garantert ikkje bli det same etter å ha lese «Harpa»

BOKKALENDER: Spenningsboka «Harpa» er skriven av A. Audhild Solberg.

Audhild Solberg, forfatteren av suksesserien Superbitchene, har skrive si femte ungdomsbok. I Harpa møter vi fire forskjellege tenåringar: Agnes er frå Oslo og skal tilbringe det ho ser for seg som ein kjedeleg haustferie, i den vesle bygda Elverdal. Fetteren hennar, Sindre, har eigentleg berre tenkt å hengje med kameraten Ben. Nabojenta Tyra har meir enn nok med sine eigne saker.

Uansett korleis dei såg for seg at haustferien kom til å verte, blir den noko heilt anna. Allereie den første dagen gjer Agnes, Sindre og Ben ei skrekkeleg oppdaging i skogen. Saman med Tyra vert dei vikla inn i gamle forsvinnings- og drapssaker, og i segna om Harpa. Dei rekk å forstå at Elverdal skjuler noko uhyggjeleg, så forsvinn ein av dei.

Harpa inneheld alt ein god bok treng, men har i tillegg noko ekstra som gjer at ein berre lese litt til, mens det går kaldt nedover ryggen din. Ho er inndelt i korte kapittel fortalt av dei fire hovudpersonane. Boka er lett å lese, men ein må følgje med for å forstå ho. Både gutar og jenter frå 13 til 15 år vil ha glede av ho, iallefall viss dei likar å bli skremt. Ein tur i skogen vil garantert ikkje bli det same etter å ha lese Harpa.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Sunniva Tonning her: For at eg skal like ei bok, må ho innehalde gode skildringar, variert språk, litt humor og ikkje minst må ho vere spennande, gjerne litt heile tida.