Berekraftig jul: Korleis kan vi få forbruket ned og likevel føle at det er ei vanleg jul?

I desember i fjor brukte nordmenn svimlande 57 milliardar kroner. I år er det venta at summen kjem til å stige, og ligge på rundt 58 milliardar kroner.

Vi er storforbrukarar i desember. Mange familiar brukar pengar dei ikkje har. Og handlar inn gåver og mat på kredittkort, som eigentleg er pengar dei ikkje har, men som dei lånar. 

Vi kjøper inn eksotisk frukt, plastleiker frå Kina og fråtsar i oss godteri og god mat. Er jula ei høgtid der vi gløymer å tenke berekraftig og på klimaet?

Jula er veldig knytt opp til tradisjonar, seier Tanishika, Derfor trur eg mange ikkje heilt tenker seg om.

Det er jul éin gong i året. Då synest eg at vi kan ete det vi har lyst på, men vi bør verte meir bevisst på kva vi kjøper både av mat og gåver, seier Maria.

2019 – året då vi tenker på berekraft

I 2019 har vi hatt mykje fokus på klimaet, og på miljøet. For å spare klimaet må ein også tenke berekraftig. Men korleis kan vi få ei koseleg jul og også redusere forbruket? 

Det går an å gi brukte ting vi sjølv ikkje brukar, eller finne ting på Finn eller loppemarknad, seier Lucia.

Maria synest folk kan gå saman og kjøpe ei stor gåve i staden for mykje småting som vi eigentleg ikkje treng eller likar.

Det har vi gjort til fetteren min då han hadde bursdag. Då kjøpte vi ei klokke til han. Då blir det også billigare for alle, seier Lucia.

Det går også an å lage gåver eller gi ei oppleving. Det er iallfall berekraftig, seier Maria. 

Så lenge vi ikkje treng å bruke fly. Eg har gitt oppleving til venner av meg. Då gav eg eit kort der det stod kva vi skulle gjere. Det er gøy å få, men det kjem også litt an på. Dei som gir slike gåver bør kjenne deg godt, fortel Maria.

Julematen og tradisjonsmat

Julematen er viktig også for dei tre jentene. Tanishika et lam, Maria et pinnekjøt og svineribbe, for der i familien har dei ikkje klart å velje. Lucia har plukkemat, som ho kallar det, der familien kan velje mellom svineribbe, pinnekjøt, fiskekaker og andre ting.

Mykje av kjøtet vi et i jula kjem frå Noreg, så den julematen kan vere ganske så kortreist, noko som er bra for klimaet. Men vi et også andre ting som kjem langvegsfrå. I risgraut er det ris frå Asia, klementinane, nøter, fiken, rosiner, dadlar og sikkert mange, mange andre saker er importert frå ulike land.

Kva tenker jentene om det?

Det er kanskje vanskelegare å tenke miljøvenleg når det er jul. Familien er samla og skal kose seg, og då er det lett å gløyme, seier Lucia.

Maria har ein idé om ein ny kortreist mattradisjon.

Kva om vi heller prøvde å bruke meir av dei norske epla i jula, i staden for alt vi får frakta inn til landet? Det hadde vore ein lur idé, avsluttar Maria.

 

INNPAKNINGSTIPS: Vi brukar enorme mengder med papir på julegåvene. Kva om vi pakka inn gåver i stoff og på den måten kunne bruke om innpakninga? seier Maria (i midten). Heile 74 prosent meiner det er viktig at produkta ein kjøper har innpakking som kan resirkulerast, ifølgje Ipsos.

Visste du at…

Julemiddag hos nordmenn

81 prosent av alle nordmenn et svineribbe to til tre gongar  eller oftare i løpet av desember.

73 prosent av alle nordmenn et pinnekjøt like ofte. Kjelde: Ipsos

Kjøtinntaket hos nordmenn

Berre 39 prosent seier at dei et mindre kjøt fordi det er betre for miljøet, medan seks av ti svarar at dei gjer lite eller ingenting med kjøtinntaket med omsyn til miljøet. Kjelde: Ipsos

Prognoser for Julehandelen 2019

I desember 2019 vil nordmenn handle for 58 milliardar kroner.

Dette er ei auke på 1,5 prosent frå i fjor, og er 10 850 kroner per innbyggar.

Dette er 90 kroner meir enn det vi brukte på julehandelen i fjor, og gir ei auke på 0,8 prosent i omsetning per innbyggar.

Totalt er dette 27 prosent meir enn kva butikkane omset per innbyggar resten av dei 11 månadene i året, ifølgje Virke.