Vi har samla mange julekalendrar. Kva er din favoritt?

Vi har samla nokre av kalendarane som har vorte sendt på TV. Her kan du lese litt om dei.

Julekalender på TV har no vorte ein like sterk tradisjon før jul som pepperkaker, gløgg, mandarinar, folk som påpeiker at det eigentleg er klementinar, og julebrus.

Den første julekalenderen på norsk TV kom allereie i 1970 med serien Barnas førjulskalender 1970, men tradisjonen tok ikkje skikkeleg fatt før ni år seinare med klassikaren Jul i skomakargata.

I 1989 slengde TVNorge seg med i juledansen, og i 1994 også TV 2.

Men kva julekalender er din favoritt?

Jul i Skomakergata (1979)

Denne gamle travaren vart først synt på TV då syttitalet var på hell, og har sidan vorte send fleire gongar, seinast i 2003.

1979 var FNs internasjonale barneår, og i kvar episode presenterer Tøfflus og Skomaker Andersen ein kort videosnutt som forklarar ein av barns rettar.

For nokre år sidan bestemte NRK at Jul i Skomakergata aldri meir skal sendast i jula, sidan den ikkje lenger er særleg aktuell for born.

Men om jula di ikkje vert den same utan 24 episodar med Henki Kolstad i runde briller og ein snakkane tøffel til makkar, så kan du framleis strøyme den på nett.

(Og du bør kanskje skunde deg, for den kan forsvinne!)

Teodors julekalender (1986)

I denne julekalenderen møter ein bamsen Teodor, som bur i ein trestamme i skogen, og Portveien 2-programleiar Eli Rygg.

Også denne gamle julekalenderen kan du sjå på nett!

Portveiens julekalender (1987)

Eli Rygg er ein skikkeleg juleveteran, og dukka opp også året etter for å leie sjåarane gjennom ventetida fram mot jul.

Då utan Teodor, men med Portveien 2-makkar Jarl Golli.

Den største arva frå Portveiens julekalender er gjerne adventssangen «Tenn lys», som har vist seg å ha eit mykje lengre liv enn serien den stamma frå. Den kom til og med kom inn i salmeboka!

Vertshuset den gyldne hale (1989)

«Velkommen, velkommen
til store og til små.
Velkommen, velkommen
til deg som titter på.
I vårt vertshus Den gyldne hale
må vi bruke teikn og tale.
Sett deg ned og følg med no.»

Klassikar! Kor ofte er ein julekalender like mykje lagt til rette for døve som høyrande? Det er ikkje kvardagskost.

 

Jul på Sesam stasjon (1992)

På tidleg nittital vart det jul også på Sesam stasjon. Der følgjer ein dei kjende karakterane i juleførebuinga, og i forsøket på å skaffe eit piano i julegåve til Leonora.

Serien vart sendt i reprise fire år seinare, men har sidan ikkje sett fjernsynets lys. Det er jo litt rart for alle vil vel sjå Bjarne Betjent som julenisse?

The Julekalender (1994)

Yeah, it’s hard to be a nissemann! I alle fall når ein får kommentarar av denne typen slengt etter seg: «You are the one with the ugliest klær and the longest face».

The Julekalender har vorte ein udødeleg klassikar for TV 2. Dei trudde kanskje det kom til å verte heilt «bob-bob-bob», men det vart «bærre lækkert».

Trudde du kanskje The Julekalender var norsk julekreativitet på sitt beste? Neida, det er dansk julekreativitet på sitt beste. (Sjå også Olsenbanden lenger nede.)

Amalies jul (1995)

Kvar einaste dag i desember lyt Nisseungen ut for å gjere nissestrekar og nissegleder, viss ikkje får han ikkje verte langluenisse til jul. Og då vert det ikkje jul. Huset på garden der nissane bur, kan ikkje stå tomt, for då vert det heller ikkje jul.

Klassisk juledrama!

I Amalies jul bur nissefamilien over stallen. Foto: Odd G. Iversen/NRK

Heile Amalies jul kan du faktisk sjå i NRK sin nettspelar!

Julefergå (1995)

Julefergå freista å hoppe etter Wirkola (eventuelt The Julekalender), men det vart eit aldri så lite mageplask.

Serien gjekk føre seg på sunnmørsferga MF «Svelå», samt i vraket av ei cubansk skute som hadde gått ned på Mørekysten. Det var skattar, spøkelser og sveler i ei salig blanding. Det høyrest jo ut som ei suksessoppskrift?

Det norske folk var ikkje klare for denne julekalenderen, og sjåartala kunne ikkje samanliknast med dei frå The Julekalender året før.

Julefergå la likevel frå kai også i 1998 og i 2013 på TV 2, og på TV 2 Zebra både i fjor og i år.

Jul i Blåfjell (1999)

Dette er julekalenderen som førte til at alle gjekk med blå tova ullhuer på hovudet i fleire år.

Kva andre juleseriar kan skryte av Gullruten for beste tv-drama, Spelemannspris for beste barneplate, og ei teaterframsyning? Ingen andre!

Turte (Suzanne Paalgard) og Tvilling (Mikkel Gaup) var hovudrollene i juleklassikaren Jul i Blåfjell. Foto: NRK

Serien har vorte sendt på TV fem gongar, men kvart einaste år er det nokre nostalgiske sjeler som vil ha gjensyn med Turte og Tvilling. I 2015 vart det faktisk arrangert fakkeltog for å få Jul i Blåfjell tilbake på TV-skjermen i adventstida.

Det er likevel til inga nytte, for NRK har bestemt å ikkje vise den att på TV, då også denne er utdatert.

Dagbladet sine lesarar kåra favoritt-julekalender i 2018 gjekk Jul i Blåfjell av med sigeren.

Nissene på låven (2001)

I 2001 var TVNorge plutseleg på juleballen, med Nissene på låven. For var det noko juledekninga saknar, så var det jo eit aldri så lite reality-element!

24 «deltakarar» kler seg ut som nissar for å konkurrere i 24 dagar om å verte den beste nissen. Det er duka for pepperkakebaking, julekorg-fletting, fjonge lausskjegg og intrigar.

Slikt vert det pute-TV av, og norske sjåarar elska det.

Premieren vart sett av rett over 280 000, medan stadig fleire benka seg framfor fjernsynet etter kvart som desemberdagane gjekk, og episoderekorden var på heile 440 000 sjåarar.

Jul på Månetoppen (2002)

Sidan Jul i Blåfjell vart slik ein suksess var det ikkje særleg rart at det også vart ein oppfølgjar.

Tre år seinare kom nemleg Jul på Månetoppen, og det vert gjensyn med nissar både frå Amalies jul og Jul i Blåfjell.

Raudnissane og blånissane kranglar om Månetoppen og om blåbær, og jula får sin eigen vesle West Side Story.

Olsenbandens første kupp (2004)

Med denne serien fekk vi omsider svar på det evige spørsmålet: Korleis var eigentleg Kjell som barn?

Unge Egon Olsen bur på barneheim, men dette året er julefondet tomt. Er det advokatfirmaet som forvaltar fondet som er røvarane? Det må Egon og klassekameratane Benny og Kjell sjølvsagt finne ut av, og det vert jo «helmaks».

Jul i Svingen (2006)

NRK slår igjen på stortromma, og lanserer i 2006 ein ny julekalender – endå den tek utgangspunktet i barneprogrammet Linus i Svingen.

Denne julekalenderen vart selt også til utlandet! I Nederland fekk den det klingande namnet «Kerst met Linus», danskane såg på «Jul i Svinget», og på Færøyane vart det «Jól í Svingi».

Jul i Svingen reiste også over grensa til svenskane, men dei dubba om og synte berre sju episodar av «Vinter i svinget».

Frå venstre: Akaya (Yvonne Johnsrud), Åsa (Ina Svenningdal), Linus (Jacob Borgen), Nure (Sebastian Warholm), Atif (Hassan Ali Iqbal) og Børre (Adrian Falch Karlsen). Foto: NRK / Ole Kaland

Barnas Superjul (2007)

I 2007 sette NRK barna i førarsetet, og lot dei styre skuta sjølv i adventstida.

Serien vann Gullruten 2008 for beste barne- eller ungdomsprogram, men var ingen favoritt hjå kritikarane, og har sidan ikkje vorte sendt igjen.

Den unge Fleksnes (2010)

TVNorge gjer som TV 2 og granskar barndomstida til ein etablert karakter, denne gongen Marve Fleksnes.

Fleksnes prøver å syngje seg til ein plass i talentkonkurransen på skulen, og såleis også inn i hjartet til klassens nyaste tilskot, Veronica. Det er litt stress sidan Fleksnes er tonedøv.

Nissene over skog og hei (2011)

Ti år etter Nissene på låven har nissane teke steget frå låven og ut på tur.

No skal dei over skog og hei for å dele ut julegåver. Halvparten av nissane frå forgjengaren er tilbake, og får selskap av tolv nye nissar.

Kritikarane var frå seg av begeistring, og VG trilla fram ein seksar på terningen og Filmpolitiet ein femmar.

Julekongen (2012)

Kevin Gran bur saman med familien sin i Sølvskogen, og likar å henge i ei hemmeleg hole i skogen – som folk flest.

Kevin er fast bestemt på at dette skal verte den beste jula noko sinne, men det er litt vanskeleg å kome i julestemning når ein vert mobba på skulen og ein må flytte inn til bølla fordi eins eigen heim er full av sopp.

Ein dag oppdagar Kevin at tilfluktshola i skogen leiar til ei anna verd, og til ei anna tid der riddarar framleis eksisterer. Men i denne verda er også julestemninga truga, for der har det ikkje vore snø på mangfaldige år.

Hovudrolleinnhavar i Julekongen er Vetle (i midten), Oscar (t.v) og Emma (t.h). Foto: Jørn Veberg/NRK

Asbjørns julekalender (2015)

Espen Eckbo stod, saman med Kristian Ødegård, bak både Nissene på loven og Nissene over skog og hei, så då er det kanskje ikkje rart at TVNorge omfamnar hans siste julebarn: Asbjørns julekalender.

I 2015 let karakteren Asbjørn Brekke nissedrakta ligge og trer heller inn i rolla som talkshow-vert.

Kvar dag får han besøk av ein ny kjendis for juleaktivitetar og prat litt utanom det dei er vande med:

Snøfall (2016)

Selma er foreldrelaus og vert teken vare på av nabodama Ruth. Ein dag finn Selma ein hemmeleg portal til nisselandsbyen Snøfall.

Julekalenderen skulle vise seg å verte ein suksess utan like.

Heile 1,8 millionar sjåarar skrudde på TVen på julaftan for å sjå korleis soga om Selma enda. Samstundes vart Snøfall nominert til heile åtte prisar under Gullruten året etter.

I 2019 er Snøfall omsider tilbake på skjermen! Dersom det ikkje er dekker Snøfall-kvota di, så har Oslo Nye for andre år på rad sett opp teaterversjonen av serien, og i år kom også soga i bokform.

Jul i Blodfjell (2017)

TVNorge starta eit nytt parodikapittel med julekalenderen Jul i Blodfjell.

Ei vøle med slektningar i familien Soot vart samla på eit høgfjellshotell i adventstida. Der får dei beskjed av den pengesterke og aldrande onkelen at dersom dei vil ha sin del i arva, så lyt dei verte verande til jul.

Det vert drap, kjærleiksintrigar, tørre vitsar og detektivarbeid.

I år håpar TVNorge å gjenta suksessen og kjem med oppfølgjaren Jul i Blodfjell 2.

Kva julekalender er best?

Kva julekalender er best?

Julekongen41
Snøfall200
Jul i Svingen55
Jul på Månetoppen169
Jul i Blåfjell213
Barnas Superjul5
Jul i Skomakergata12
Amalies Jul6
Jul på Sesam stasjon3
Teodors julekalender8
Portveiens julekalender3
Vertshuset den gyldne hale8
Svar totalt: 723