Dei norske breane blir mindre

Dei siste åra har alle dei norske breane vorte mindre. – Eit teikn på kva som skjer med verda, ikkje berre i Noreg, seier glasiolog.

– Tidlegare kunne ein sjå breen fylle dalen når ein sto på parkeringa ved vatnet, seier Hallgeir Elvehøy til NRK.

Han er glasiolog i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og har sidan 1991 halde eit ekstra auge med norske brear gjennom årlege målingar av lengd og masse.

No er han uroa over det han ser.

– No er det berre akkurat så vidt breen stikk fram rundt fjellneset. Det er litt vemodig eigentleg

Mange norske brear hadde ein vekstperiode på 90-talet, men etter år 2000 har alle breane minka. Det er likevel først dei siste ti åra at ein har merka kor dramatiske endringane har vore, seier Elvehøy.