Verdas unge beveger seg for lite

Berre ein av fem unge er i nok fysisk aktivitet. Det viser ny forskning frå Verdas helseorganisasjon.

Forsking viser at fysisk aktivitet er viktig for helsa. I 2018 kom Verdas helseorganisasjon med anbefalingar om at unge bør vera i fysisk aktivitet i minst ein time om dagen, skriv Forskning.no.

Mindre enn ein time

Regina Guthold og kollegaene hennar i Verdas helseorganisasjon har samla informasjon om 1,6 millionar unge mellom 11 og 17 år, frå heile 146 av verdas land.

Informasjonen kjem frå 298 undersøkingar av skuleungdom i dei ulike landa.

Tala viser at berre ein av fem ungdom i verda er i nok aktivitet. Heile 81 prosent er i fysisk aktivitet mindre enn ein time om dagen.