– Eg hadde lyst å kunne gjere det som dyr kunne gjere

Mats Eldøen gav i år ut boka Viss eg hadde hale. No er boka trekt ut som ei av dei ti beste faktabøkene for barn, skrive etter år 2000. Viss eg hadde hale er den første boka til Mats. Sindre Goksøyr har illustrert boka.

Mats Eldøen

Mats Eldøen er skodespelar og instruktør og har laga ei rekke framsyningar for barn, deriblant Lekene slår tilbake!, med over 300 framsyningar over heile verda. Du har heilt sikkert sett han på TV også. Han er ein erfaren improvisator og har vore med i TV 2-programmet Alt er lov. Eldøen er sjef for Det Andre Teatret som ligg i Oslo.

LES FAKTALUKK FAKTA

Kvifor skreiv du boka Viss eg hadde hale?

Det gjorde eg fordi eg brukte så mykje tid på å drøyme om korleis det er å ha dyra sine eigenskapar. Eg hadde lyst å kunne gjere det som dyr kunne gjere. Kva kunne eg gjort om eg hadde skarpe tenner, eller ein lang hale? 

Har du sjølv eit dyr som har hale? 

Eg har hatt eit marsvin. Sanninga er at eg ikkje er så glad i å ha dyr sjølv. Eg synest det er rart når folk omtalar dyr som menneske. Dyr er dyr. Dyr er kule på sin måte. Eg likar dyra best når dei er ute i naturen.

Er du i gang med å skrive på ei ny bok?

Ja, eg held på med ei ny fiksjonsbok, som skal bli ei ungdomsbok. 

Kva meiner du ei barnebok MÅ innehalde?

Ei barnebok må inneholde noko som du har lyst til å sjå på to gongar. Enten om det er eit bilete eller ei historie som får deg til å tenke. Når du står og pusser tenner på kvelden skal boka få deg til å tenke over det du har lese.

Fullfør setninga: Det beste med å lesa ei bok er…

…å forsvinne. Bli fanga i ei anna verd. 

Kva meiner du med å forsvinne? 

Sjå føre deg at verda hadde hatt eit tak. Etter at du har lese ei god bok skal det kjennest som at taket har blitt bulkete og høgare, og kanskje fått eit tårn. Verda har rett og slett endra seg.

Kan du hugse ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn?

Eg trur kanskje Hobbiten-boka eg las har gjort mest inntrykk. Eg las heile natta til julaftan. Så stod eg opp klokka fem og gjekk ut og trefte kompisen min som gjekk med avisa. Då følte eg meg som ein del av Ringenes herre der eg gjekk.

Kva er det kjekkaste med å vere forfattar?

Det kjekkaste er at ein kan sette seg ned med ein blyant eller ei datamaskin og lage mange forskjellige versjonar av det ein har lyst til å seie. Men så kan ein endre det. Skrive ei setning til, og ingen treng å lese det. Det er litt som å trylle. Ein lagar magiske skyer som ein kan enten blåse bort eller vise fram.