Nye læreplanar gir meir praktisk skule

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner la måndag fram dei nye læreplanane. Neste skuleår, hausten 2020, skal bli endå meir praktisk enn kva det er no.

Faga blir meir praktiske, og det blir meir læring gjennom leik for dei yngste barna.

Elevane skal også lære både programmering og problemløysingsmetodar. (Sjå bilete nede i saka).

I dei nye læreplanane blir det innført tre tverrfaglege tema:

  • Demokrati og medborgarskap
  • Berekraftig utvikling
  • Folkehelse og livsmeistring
(Kjelde: Udir.no)