Ny skrivekonkuranse for Framtida junior

Framtida junior lyser ut ein skrivekonkurranse til alle skular, med fine premiar. Formålet er å skape skrivelyst og skriveglede på nynorsk. I tillegg til fine premiar vil teksta også bli trykt i Framtida junior.

Kampanjen startar no!

Frist for å levere er 20. desember.

Premiar: 1. premie: 500 kroner og abonnement på Framtida junior i 2 månader.

Alle klasser som er med i konkurransen er med i trekkinga på klassesett av papiravisa vår i 2 månader.

Slik gjer du det

  • Du må velje mellom tre oppgåver.
  • Oppgåva må skrivast på nynorsk.

Oppgåve 1: Skriv eit moderne eventyr

Her kan du sjølv velje fritt kva tema du vil skrive om. Men du må ha med nokre av dei viktigaste sjangertrekka. Her er nokre av dei: Dyr eller fuglar kan ha menneskelege eigenskapar, berre ein helt, magiske tal (3,7,9,12), gjentaking, helten må gjerne ut på ei reise, gode hjelparar, moral, faste uttrykk.

Oppgåve 2: Lag ein teikneserie av ein vits

Du vel sjølv kor mange ruter du vil bruke, men det kan ikkje vere meir enn ei side. Bruk sterke fargar og pass på at skrifta skal vere lett å lese for andre.

Oppgåve 3: Ta bilete av ein ting du likar og skriv ein tekst

Er det noko i skulegarden du er ekstra glad for at du har? Eller er det noko i nærmiljøet du set pris på? Kanskje du eig ein ting du er veldig glad i? 

Ta bilete av denne tingen og skriv ein liten tekst om kva det er, og kvifor du er så glad for akkurat denne tingen.

Det kan vere eit fotballmål, fotballbinge, drikkefontene, ein benk, eit busskur, ein sykkel, ei hytte, ein bestemt plass, senga di, pulten din, kjolen din, hatten din.

Det er heilt opp til deg kva du definerer som ein ting.

KRITERIA ER:

Dette vere med Eg har med (kryss ut)
Eg har ei overskrift som passar til teksta.  
Oppgåvenummeret står tydeleg merka.
Namnet mitt, alder og skulen sitt namn står under overskrifta. (Umerka tekstar kjem ikkje på trykk)
Dokumentet du sender må vere lagra med namnet ditt.

(Gjerne slik: NamnNamnesen)

Eg har skrive ein samanhengande tekst.  
Om du veljer oppgåve 3 må du sende bilete og tekst. Altså to filer. Begge filene er merka med namnet ditt:

OlaNordmmann_1

OlaNordmann_2

 
Eg har brukt skriftstørrelse 12.  
Eg har brukt fonten – Times new roman  
Eg har fått godkjenning av foresatte til å vere med i konkurransen og kan få teksten på trykk  
Eg sender det til junior@framtida.no og merker emnefeltet med SKRIVEKONKURRANSE.

(Lærar kan sende ein felles epost, men alle dokumenta må vere lagra med eleven sitt namn)