Danmark tek i bruk vakthundar for å hindre at ulv angrip beitedyr

I Danmark blir det sett i verk eit pilotprosjekt der sertifiserte vakthundar skal verne beitedyr mot ulv

I Danmark blir det sett i verk eit pilotprosjekt der sertifiserte vakthundar skal verne beitedyr mot ulv, opplyser Danmarks miljøminister Lea Wermelin (S).

– Det er gode erfaringar med bruk av vakthundar i Tyskland, og derfor skal vi òg prøve ordninga i Danmark, seier ho. I 2018 vart det registrert 28 tilfelle der ulv gjekk til angrep på beitedyr i Danmark.

Kanskje dette hadde vore noko for oss i Noreg også?