Ungdom klagar inn fem nasjonar for FN

Greta Thunberg har saman med ungdomar frå 12 ulike nasjonar klaga inn Tyskland, Frankrike, Brasil, Argentina og Tyrkia for brot på FNs barnekonvesjon.

Alexandria Villaseñor (14) leverte ei formell klage på dei fem landa.
Foto: Children vs. Climate change

Under klimatoppmøtet i New York leverte  Alexandria Villaseñor (14) ei formell klage på dei fem landa.

– Det har gått 30 år sidan dei signerte Barnekonvensjonen og verdsleiarane har ikkje halde det dei lova. Dei lova å beskytta rettane våre, men det har dei ikkje gjort, sa Greta Thunberg som også var med.

Har gløymt avtalen

Ungdomane meiner at landa dei har klaga inn til FN, har brote barnerettane ved å ikkje ta nok grep for å stoppe klimakrisa.  

– Barnekonvensjonen dei signerte, sikrar alle barn sine rettar. Den er til for oss. Men det ser ut til at verdas leiarar har gløymt forpliktingane sine. Avtalen seier at land må verna om og respektera alle barn si rett til liv, helse, kultur. Det gjer dei ikkje, sa Villaseñor. 

Landa som er klaga inn, er nokon av dei største utsleppslanda både historisk og i dag. Dei er med på å varma opp jorda og skapa konsekvensar som havstiging og meir ekstremvêr.

Barnekonvensjonen

Barnekonvensjonen blei vedtatt 20. november 1989. Det er ein avtale som går på alle menneskerettar barna har krav på.

Noreg kan ikkje klagast inn

USA, som ligg på utsleppstoppen, har ikkje forplikta seg til klageprotokollen, og kan derfor ikkje klagast inn til FN. Det same gjeld Kina, som ligg på andreplass på utslepp. Noreg har forøvrig ikkje forplikta seg til dette heller, og kan dimed ikkje klagast inn.