Natur og Ungdom saksøker staten, igjen

Natur og Ungdom meiner at Noreg bryt Grunnlova §112. Dei meiner at staten øydelegg for dei som ein dag skal ta over landet.

Det er Natur og Ungdom og Greenpeace som saksøker staten.

Dei meiner at Noreg gjer altfor lite, slik at klimaendringane kjem til å øydelegge for dei som veks opp. Då tenkjer Natur og Ungdom mellom anna på oljeboringa utanfor norskekysten.

Dei tek med seg Den norske stat i Lagmannsretten. Lagmannsrett er ein domstol.

Domstolshierarkiet i Noreg er slik – enkelt forklart:

  • Først kjem saka opp i Tingretten.
  • Blir ein ikkje einig kan saka gå til Lagmannsretten.
  • Blir ein ikkje einige i Lagmannsretten kan saka bli tatt vidare til Høgsterett, som er så langt ei sak kan gå.

Har saksøkt staten tidlegare

Den norske stat blei saksøkt av Natur og Ungdom tidlegare i Tingretten. Natur og Ungdom tapte, men anka saka.

Å anke betyr at dei ikkje godtek dommen, og vil ta saka vidare.

Derfor kjem saka på nytt opp i Lagmannsretten.