Matministeren vil redusere matsvinn

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad vil invitere fleire av aktørane som jobbar med mat- og matsvinn til eit felles møte.

Olaug vil at vi skal bli flinkare til å forstå kvar og kvifor matsvinnet oppstår. Og korleis vi kan løyse problema.

– Vi treng tiltak som har effekt, seier landbruks- og matministeren i ei pressemelding.

Her i landet kastar vi minst 385.000 tonn mat kvart år – nok til å mette nesten 800.000 menneske.

– Når vi kastar mat, sløsar vi ikkje berre med mat som kunne ha blitt eten, vi sløsar også med alle ressursane som ligg bak det å produsere maten. For eksempel står matsvinn for mellom åtte og ti prosent av dei globale klimagassutsleppa, og 30 prosent av jordbruksarealet i verda vert brukt til å produsere mat som aldri blir eten, seier Bollestad.