Korleis klarar vi å tenkje?

Ung.Forskning.no har spurt barn og unge: Kva lurer dykk på om hjernen? Eitt av spørsmåla dei fekk inn er: Korleis klarar vi eigentleg å tenkje?

Dette har dei snakka med hjerne- og fysikk-professor Gaute Einevoll om. Sjå video øvst i saka.

– Det vi veit er at det sit mange spesielle celler inni hjernen vår. Vi kallar dei nerveceller, og det er cirka hundre milliardar slike celler i hjernen, fortel Gaute til Ung.Forskning.no.

Desse cellene sender små elektriske signal til kvarandre.

– Ut frå desse signala kjem tankane våre. Vi veit ikkje heilt korleis vi klarar det, men det held vi på å forske på no, fortel professoren.