Spådomkaker på halloween

Det er mange tradisjonar knytt opp til halloween. Ein litt rar tradisjon var å bake kaker og legge noko inni kaka.

Ein skulle bake inn fire ting.

  • Ein mynt
  • Ei lita fille
  • Ein ring
  • Ein fingerbjørg (ein liten hatteliknande ting som ein dekkr fingeren med når ein skal sy. På bokmål heiter det fingerbøl).

Den som skulle bli rik fekk mynten. Den som skulle bli gift fekk ringen, den som skulle bli fattig fekk den vesle fillebiten og den som fekk fingerbjørgen skulle få arbeide for føda.

Nokre amerikanarar meinte også at dei som blei født på halloween hadde spesielle evner, når det kom til det overnaturlege. Halloweenbarn kunne til dømes bli synske.

Kjelde: Aktiv Oslo