Kva med fiskekakemumiar til middag i dag?

Skumle fiskekakemumiar er skremmande godt. Med litt blodig ketchup blir det ekstra ekkelt å spise.

Dette er nok til 10 porsjonar:

  • 10 stk fiskekaker
  • ½ stk ferdig pizzadeig (rå), langpanne
  • 2 ts redusert balsamicoeddik til øyne – eller to rosiner om du ikkje har balsamicoeddik.
  • 1 dl ketchup

Slik gjer du:

  1. Forvarm steikeovnen til 180 °C. Ta fiskekakene ut av pakken.
  2. Kutt pizzadeigen opp i 5 mm tjukke strimler.
  3. Surr ei og ei fiskekake inn i deigstrimlene.
  4. Legg fiskekakene på eit bakepapirkledd steikebrett, og steik dei midt i ovnen i 8-10 minutt, eller til deigen har heva fint og fått ein gyllen farge.
  5. Pynt med redusert balsamicoeddik (eller rosiner) for å lage auge, og server fiskekakene med ketchup.

(Kjelde: Matprat.no)