Nokre køyrereglar til dei som ikkje blir invitert på halloween-aktivitetar

Om du ikkje blir invitert på ein halloweenfest eller andre aktivitetar, er det faktisk dei vaksne som må hjelpe deg med å ordne opp. UNICEF har laga nokre reglar som kan gjere det enklare.

Kva er UNICEF?

UNICEF jobbar for å skapa varige endringar og styrka rettane – for kvart barn. Som den største hjelpeorganisasjonen i verda for barn og ein viktig del av FN, har dei unik gjennomslagskraft i over 190 land. UNICEF kjempar for å redde barna sine liv, verna dei mest sårbare og bygga ei betre framtid i dei meste belasta områda i verda.

LES FAKTALUKK FAKTA

Desse reglane må dei vaksne tenkje på når barna skal delta på halloween-arrangement

PRAT MED BARNA: Prat med barna i forkant om kva for reglar som gjeld for Halloweenfeiringa. Alle barn som har lyst, skal få vera med. Slik skaper vi forståing og set forventningar korleis feiringa blir gjennomført.

KOORDINER MED ANDRE FORELDRE: Ta kontakt med andre foreldre i god tid før Halloween for å diskutera felles kjøreregler og planlagde aktivitetar.

INVITER GRUPPER: Gruppeinndelingar som «heile klassa», «alle gutane i klassa» eller «alle i speidergruppa» er forståeleg. Å utelata ein eller tre frå ei gruppe er ikkje greitt.

FANG OPP DEI SOM FELL UTANFOR: Bruk barna som agentar til å spora opp dei som ikkje er inkludert, og gjer plass til dei på festen. Ein invitasjon i siste liten, er betre enn ingen invitasjon!

TA OMSYN: Ikkje alle kan eller ønsker å ta del i Halloween-feiringa. Ta omsyn til signal og ver oppmerksam på at barna det kan gjelda ikkje blir ekskludert i andre sosiale samanhengar.

(Køyrereglar frå UNICEF)

Skal du kle deg ut og gå knask eller knep?

Skal du kle deg ut og gå knask eller knep?

Ja! Sjølvsagt!172
Viss eg får lov118
Nei, aldri i livet46
Eg får ikkje lov31
Kanskje 12
Veit ikkje8
Svar totalt: 387