Ser ofte på framsida

Hildegunn Olsen Aadland (12), Ørjan Havn Nesbø (12), Salute Jusciute (12), Hanne Rimmereid (12) og Markus Thomassen (12) seier dei ofte ser på framsida av boka når dei finn ut kva bok dei vil låna.

– Eg likar spennande bøker, og ofte går det an å sjå på framsida om boka er spennande, seier Ørjan Havn Nesbø (12).

– Har det noko å seia om ho er på nynorsk eller bokmål?

– Eg tenkjer av og til på det, seier Ørjan Havn Nesbø.

William Andre Hatlevik Helland (9) likar seg på skulebiblioteket på Rimbareid barne- og ungdomsskule. Foto: Svein Olav B. Langåker

Har kjøpt inn fleire bøker på nynorsk

Ei undersøking viser at fleire skulebibliotek har auka innkjøpet av bøker på nynorsk i fjor. Silje Vågen Torbjørnsen er ansvarleg for skulebiblioteket på Rimbareid barne- og ungdomsskule.

– Eg har tenkt at me må ha lettlesne bøker på nynorsk, og nynorsk der det passar, seier ho, og legg til at ho ønskjer fleire bøker på nynorsk.

– Me ønskjer at elevane skal lesa meir nynorsk.

Kva er di favorittbok? Skriv i kommentarfeltet under!