Historias første romvandring med berre kvinner: – Fint å sjå kor langt vi har kome

Over femti år etter den første romvandringa noko sinne, er det omsider tid for den første romvandringa med berre kvinnelege astronautar.

54 år etter at den russiske romfararen Alexej Leonov vart første menneske til å utføre ei romvandring, skal eit lag beståande av berre kvinner gjere det same.

No blir dei amerikanske astronautane Christina Koch (40)  og Jessica Meir (42) historiske.

Det melder NASA.

Åleine for første gong

Christina Koch og Jessica Meir er del av eit astronaut-lag som har fått i oppgåve å byte eit batteri på utsida av den internasjonale romstasjonen (IPSS).

Ifølgje britiske The Guardian har astronautar og kosmonautar utført meir enn 200 romvandringar i samband med byggjinga og vedlikehaldet av IPSS, men likevel har berre 15 kvinner vore med på romvandring. Då alltid saman med menn.

Fredagens planlagte romvandring vert såleis første gong to kvinner skal ut saman og åleine.

Christina Koch (t.v) og Jessica Meir vert dei første kvinnlege astronautane som flyt i verdsrommet utan ein mannleg astronaut i følget. Foto: NASA

– Verkeleg fint å sjå kor langt vi har kome

Koch fortel at det er fantastisk å bidra i romfartsprogrammet i ei tid der alle bidrag vert aksepterte, alle har ei rolle, og at dette kan leie til høgare sjanse for suksess.

– Nokre folk vert motiverte av inspirerande historier frå menneske som ser ut som dei, og eg synest det er ein viktig del av historia å fortelje, seier Koch.

Rekordferd

Christina Koch skal ikkje berre ta del i den historiske romvandringa, ho ligg også an til å setje ein annan rekord.

Koch har vore hjå den internasjonale romstasjonen sidan mars og skal verte verande til februar neste år. Om alt går etter planen vil ho slå rekorden for den lengste romferda ei kvinne har utført, med eit venta tal på 328 dagar i verdsrommet.