Pakistan: Lastebilar promoterer utdanning for jenter

Lastebilar med fargerike, prangande utsmykkingar og måleri av varierande kvalitet er nesten vorte eit nasjonalsymbol for Pakistan. No vert tradisjonen teken i bruk på ein ny måte.

Saka stod først publisert i kampanjeavisa til Verdens Beste Nyheter, og er sett om til nynorsk av Framtida.no

Jenter sin tilgang på utdanning er ei stor utfordring i Pakistan.

 

Lastebil-kunst med meining

Lastebil-prosjektet er eit steg på vegen for å påverke haldningar. Ideen til «lastebil-kunst med meining» vart først utvikla av filmskapar og menneskerettsavktivist Samar Minallah Khan.

Målet var å normalisere og oppfordre til utdanning for jenter. Ho oppsøkte lastebilkunstnarar med ideen, og trass i motstand i byrjinga, var det raskt mange som trådde til.

Samar Minallah seier til nyheitsbyrået Dawn at ho har fått mange positive tilbakemeldingar, og at stadig fleire lastebilsjåførar spør om liknande måleri på lastebilane sine.