Vi sløsar med vatnet i Noreg

Sløsinga vår er ikkje bra for klimaet.

Lar du vatnet renne når du pusser tenna? Eller trykkjer du på den store knappen på do, sjølv om du berre har tissa?
Kvart døgn bruker kvar nordmann i gjennomsnitt 180 liter vatn, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå for 2018. I Danmark bruker folk cirka halvparten, skriv Forskning.no.

Vi må spare

Burde vi spare vatn i Noreg?
− Ja, ja, ja og ja, svarar Frode Hult i ein e-post til forskning.no. Han jobbar med vatn og avlaup i Oslo kommune.
Det ligg nemleg mykje arbeid bak vatnet som kjem ut av krana. Og det er endå meir arbeid etter at vatnet har gått ned i sluket.
Drikkevarnet vårt må rensast, pumpast ut til alle hus – og så bli rensa igjen før det blir slept ut att i fjordar, innsjøar eller elver.
Denne jobben krevjer mykje straum, biltransport og ikkje minst kjemikaliar.

Folk veit ikkje dette

Forskar Christian Vogelsang ved Norsk institutt for vannforskning (NIVA) seier til Forskning.no at han trur det er mange som ikkje veit korleis miljøet blir påverka av at vi brukar vatn.
− At kranvatnat vårt belastar miljøet er nok lite kjent, ja, seier han.

Tips for å spare på vatnet:

   •    Slå av rennande vatn når du pusser tenner.
   •    Tiss i dusjen på morgonen i staden for å gå på do.
   •    Bruk «spareknappen» på toalettet når du har tissa.
   •    Skrap matavfall av tallerkenar utan å skylle før du sett dei i oppvaskmaskinen.
   •    Vask kun fulle vaskemaskinar.
   •    Aldri vatn graset.
   •    Vatn blomar og buskar med kanne.Kjelde: Oslo kommune