No kan du og klassa di bestille videosamtale med Stortinget

Dette skuleåret kan skuleklasser frå heile landet bestille ein videosamtale med stortingspresident Tone W. Trøen, opplyser Stortinget.

– Eg gler meg til å bruke tid med barn og unge og håper mange vil nytte moglegheita til eit digitalt besøk på Stortinget. Demokratiet gjeld alle, eg er opptatt av at barn og unge tidleg blir aktive samfunnsdeltakarar, seier Trøen i ei pressemelding.

Skuleklasser frå femte trinn til og med tredje klasse på vidaregåande kan no bestille videosamtale med stortingspresidenten for dette skoleåret, med ordninga «Spør stortingspresidenten». Elevane kan skrive ned spørsmål på førehand, og stille spørsmåla direkte til stortingspresidenten over Skype.

Målet er at elevane skal kunne lære om og få eit forhold til Stortinget sjølv om dei ikkje har høve til å komme på besøk.

Her kan skulen booke time.