Sjå krystallane som er usynlege for menneskeauga

SJÅ VIDEO: I eit elektron-mikroskop kan forskarar sjå ting som er usynlege elles. Til dømes krystallar som liknar på grantre, ørkenroser og stjerner.

Ung.Forskning har snakka med Margrethe Nergaard som har oppdaga at ho kan få kalk-krystallar til å vekse i mange ulike former.

Ho oppdaga kalk-krystallane i år 2010 då ho var student på NTNU. Ho skulle kike på ei metallbøyle med kalk på i eit elektron-mikroskop. Det er eit mikroskop som kan sjå ekstra små ting, skriv Ung.Forskning.no.

Overrasking

Då Margrethe kika på bøylen i mikroskopet, fekk ho ei overrasking. Der skjulte det seg nemleg dei vakraste krystallane ho nokon gong hadde sett.

Margrethe oppdaga etter kvart at ho kan få krystallane til å vekse i mange rare former: Garnballar, ørkenroser, grantre, stjerner og til og med godteri-liknande kubar.

SJÅ VIDEO AV AT MARGRETHE VISER KRYSTALLANE HER!