Vi må endre på måten vi produserer maten vår

Viss vi ikkje endrar matproduksjonen vil halvparten av verdas befolkning vera feilernært innan år 2050, ifølgje ein ny rapport.

Å bli feilernært tyder at ein ikkje får i seg nok næringsrik mat, eller at ein får i seg for mykje mat som er dårleg for helsa, skriv NRK.

Dersom kloden skal klare å fø ei verd som veks mot over ni milliardar menneske, må 12 millionar kvadratkilometer med landbruksjord bli gitt attende til naturen, skriv NRK. Det tyder at jorder og beiter må få gå tilbake til å bli natur med ville vekster.

12 millionar kvadratkilometer er det same som heile Noreg sitt areal 37 gongar.

Det er mange bønder, forskarar og oppfinnarar som jobbar på spreng for at verda skal ha nok mat i framtida. Neste veke er det toppmøte i FN. Der skal politikarane diskutere resultata frå rapporten.