Liker alle musikk?

Nei, faktisk ikkje. Og hjerneforskarar trur dei veit kvifor.

Det finst menneske som ikkje liker musikk i det heile, medan andre har lyst til å høyre på musikk heile dagen. Kvifor er det slik at nokon ikkje likar musikk?

Svaret ligg i hjernen, trur hjerneforskarane.

Kva skjer i hjernen?

I hjernen er det mange ulike stoff, og stoffa har ulike jobbar, skriv Ung.Forskning.no.

Eit av stoffa blir kalla “dopamin”. Viss vi opplever ting vi likar, blir det sleppt ut litt ekstra dopamin i hjernen.

Vi får til dømes meir av dette stoffet i hjernen viss vi har vore svoltne og endeleg får mat. Ein slik reaksjon kan vi få av musikk også. Men ikkje alle produserer dette stoffet når dei høyrer musikk, trur hjerneforskar Noelia Martínez Molina.

Fekk ingen reaksjon

Molina er hjerneforskar på Helsinki Universitet i Finland. Ho forskar på noko som blir kalla “musikalsk anhedoni”. Dei som har “musikalsk anhedoni” er ikkje sjuke – men kjenner ingen glede av å høyre på musikk. Det er kanskje fordi dei ikkje produserer dopamin i hjernen når dei høyrer på musikk.

Det oppdaga Noelia Martínez då ho forska på menneske som ikkje blir glade av å høyre på musikk.

Det var Videnskap.dk som fyrst omtala saka.