Greta Thunberg: – Ingen er for små til å gjera ein forskjell

Måndag tok Greta Thunberg imot menneskerettsorganisasjonen Amnesty International sin gjevaste pris saman med skulestreikarane i Fridays for future.

– Ingen er for små til å gjera ein forskjell, sa Greta Thunberg i takketalen sin.

Same pris som Malala

Måndag denne veka fekk svenke Greta Thunberg (16) og Fridays for future Amnesty International sin samvitspris for 2019 under ein seremoni i den amerikanske delstaten Washington DC.

Det er den øvste prisen ein kan få frå organisasjonen Amnesty International, som kjempar for menneskerettar over heile verda.

Prisen går til ein person som har vist unikt leiarskap og mot i sin kamp for menneskerettane – folk som har handla etter sitt samvit og inspirert andre.

Tidlegare vinnarar er store namn som søramerikanske Nelson Mandela, pakistanske Malala Yousafzai, kinesiske Ai Weiwei, songaren Alicia Keys og idrettsstjerna Colin Kaepernick.

Over éin million skulestreikarar

Hausten 2018 starta Greta å streika framfor det svenske stortinget kvar fredag. Målet hennar var å få politikarane som sit der til å ta klimaendringane på alvor.

Sidan den gong har Greta fått med seg over éin million elevar over heile verda til å streike for klima. Dei kallar seg Fridays for future.

I talen sin sa Greta Thunberg  at prisen går til alle dei millionane av unge menneske verda over, som tilsaman utgjer Fridays for future.

– Me, som saman er Fridays for future-rørsla, kjempar for våre liv. Men ikkje berre det. Me kjempar òg for våre framtidige barn og barnebarn, for framtidige generasjonar, for kvart einaste levande vesen på jorda, sa Thunberg i talen.

I tillegg til seremonien i USA var det arrangement verda over der Fridays for future-aktivistar vart heidra.

Segla over Atlanteren

I Washington DC ligg også Det kvite huset, der den amerikanske presidenten held til.

Greta Thunberg brukte to veker på å segla over Atlanterhavet frå England til USA, sidan ho ikkje vil fly.

Før ho reiste sa Greta Thunberg at ho ikkje trudde det var nokon vits i å møta president Donald Trump, sidan han ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar.

I staden har Greta møtt tidlegare president Barack Obama.