Møt veterinæren i Kristiansand Dyrepark

Vi har snakka med Rolf-Arne Ølberg (44) om korleis det er å vera veterinær i Noregs største dyrepark.

 

Namn: Rolf-Arne Ølberg

Alder: 44 år

Frå: Søgne

Yrke: Fagleg leiar for dyreavdelinga

Utdanning: Veterinær med doktorgrad innan zoomedisin

 

Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Eg har alltid hatt lyst til å bli veterinær. Eg har også ei stor interesse for ville dyr og bevaring av truga dyreartar.

Svarte det til forventningane?

Ja, absolutt. Eg får jobbe med veldig mange fantastiske dyr, som er veldig ulike og veldig unike på kvar sin måte. Arbeidsdagen er veldig variert, men det likar eg. Og det fine er at eg lærer noko nytt heile tida.

Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

Det er få «vanlege arbeidsdagar» som er like. Av og til må eg behandle sjuke dyr eller vurdere dyr som vi trur kan vera sjuke. Andre dagar kan eg undersøkje dyr som skal reise frå, eller komme til parken. Vi jobbar mykje med førebyggjande helsearbeid og vi er eit stort team som arbeider saman for at dyra skal vera friske og ha det bra. 

INTERVJUET HELD FRAM UNDER BILETET.

GLAD I DYR: Rolf-Arne har ei stor interesse for ville dyr og bevaring av truga dyreartar. Foto: Dyreparken

Førebudde utdanninga deg på yrket?

Ja, eg tok ei videreutdanning i dyrehelse hos zoodyr, og det ga meg mykje nyttig erfaring eg kan bruke her.

Kva er det beste med jobben?

Å få jobbe med desse utruleg fascinerande dyra, og det å ha ein veldig variert arbeidsdag er kanskje noko av det beste. Men eit godt arbeidsmiljø og det å få ting til saman er også noko som er veldig bra.

Kva er det mest utfordrande?

Vi har veldig mange ulike dyreartar og forskjellige individ. Veldig mange av dyra kan vi ikkje undersøkje utan å bedøve dei fyrst. Av og til kan det vera utfordrande å vurdere om vi treng å bedøve eit dyr for å undersøkje det, eller om vi kan vente litt. Å bedøve eit dyr er ei påkjenning for dyret, så det må vi alltid vurdere i kvart tilfelle. 

Kven passar yrket for?

Den som har ei stor interesse for å jobbe med ville dyr og bevaring av truga dyreartar. Ein må også ha ei stor interesse for dyrehelse og dyrevelferd. Så må ein vera interessert i å studere mange år på skule.

Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Jobb godt på skulen. For å studere veterinærmedisin må du ha gode karakterar, men det viktigaste er at du ønskjer å studere i mange år, og at du ønskjer å studere dei ulike dyra og helsa deira. 

Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Kanskje den gongen vi fann att den raude pandaen natt til lille julaften 2015. Den hadde forvilla seg inn i skogen på utsida av Dyreparken.