Zhong Zhong og Hua Hua er prikk like

Dei er nemleg verdas aller første apekloningar.

Saka var omtalt på Nysgjerrigper.

I 2017 klarte nokre forskarar i Kina å lage to apekloningar. Dei fekk namnet  Zhong Zhong og Hua Hua.

Aper og menneske har mykje til felles. Forskarane seier at dei gjorde dette på aper for å kunne lære seg meir om arvestoffet til menneska.

Forskarane seier at dei ikkje har planar om å klone menneske. I Noreg er det forbode å klone menneske.

Å klone noko er å skape ein identisk kopi av noko. Enkelt forklart tek forskarane å kopierar DNA til dyret og lagar ein ekstra kopi.

Det aller første dyret som blei klona var sauen Dolly. Det skjedde i 1996.